Gaupe halling og moderne vår 2019

Bli ein frikar!

Her får ein lære seg det som skal til for å bli ein ekte frikar. Kva med å lære snuskværna, kvednekallen og myretrillkast!

Vi legg særleg vekt på utvikling av teknikk og uttrykk, musikalitet og akrobatikk. Vi lager også saftige koreografiar. På dette kurset lærer vi ca 1/3 halling, 1/3 moderne dans og 1/3 akrobatikk på golv og air track

Dette kurset gjev størst moglegheiter til å kunne opptre, konkurrere og få delta på spennande turar. 

FRIKAR sitt motto "Free yourself" fargar undervisninga som utfordrar kvar enkelt til å krysse sine eigne mentale og fysiske grenser.

Tidlegare FRIKAR-elevar har blitt blant landets beste hallingdansarar, som Ådne R. G. Kolbjørnshus som vart norgesmeister i 2014 og 2018. Ein annan tidlegare elev, Anita Vika Langødegård, har studert moderne dans og lev i dag som profesjonell dansar. 

 

Meld deg på kurset

Mann
Kvinne

Sjekk ut den fine Gaupe-dansen på juleavslutninga vår!