FrikarEkorn halling haust 18

Lær babyfreeze og hallingkast!

Her får ein lære halling, hip-hop, samtidsdans og akrobatikk. Detta blir gøy!

På dette kurset legg vi særleg vekt på utvikling av stormotorikk, rytmekjensle og bevegelsesglede. Vi lærer ca 2/4 halling, 1/4 hip-hop og samtidsdans, 1/4 akrobatikk på golv, air track, trampett og trampoline.

FRIKAR sitt motto "Free yourself" fargar undervisninga som utfordrar kvar enkelt til å krysse sine eigne mentale og fysiske grenser.

Tidlegare FRIKAR-elevar har blitt blant landets beste hallingdansarar, som Ådne R. G. Kolbjørnshus som vart norgesmeister i 2014. Ein annan tidlegare elev, Anita Vika Langødegård, har studert moderne dans og lev i dag som profesjonell dansar. 

 

Meld deg på kurset

Mann
Kvinne