Akrobatikk 3 Ørnestup haust 2018

Bli ein freerunner!
svala.jpg

Elitegruppe for dei elevane som treng ekstra utfordring uavhengig av alder og som har lyst til å vera med på show, helgesamlingar og korte filmar. No med 90 min økter!

 

Treninga med parkour, tricking, freerunning og trampoline halder fram på dette kurset, lista blir bare satt enda høgare. Elevane på dette kurset må godkjennast av trenar. Noko styrke- og spensttrening blir det også.

Parkour handlar om å komme seg raskast mulig igjenom ein hindreløype fra A til B i for eksempel ein turnhall, eit bymiljø eller i ein skog. Parkour er eit fransk ord og tyder "hinderløype".

Tricking betyr rett og slett å gjøre mange akrobatiske triks etter kvarandre i serie.

Freerunning handlar om å blande parkour og tricking sammen til eit uttrykk. Så dette er den ultimate utfordringa. Her handlar det i stor grad om å være kreativ og lage sin eigen personlege stil.

FRIKAR sitt motto "Free yourself" fargar undervisninga som utfordrar kvar enkelt til å krysse sine eigne mentale og fysiske grenser.

FRIKAR har instruktørar og fascilitetar i Norges-toppen for å lære seg akrobatikk og saltoar. Olympisk trampoline med bungeeselar, turnringar, 8x6m air track, parkourelement og tjukkassar for å nevne noko. Instruktørane har jobba med kungfu-meistrar i kina, sirkusartistar for Cirque du Soleil, nokon av Europas beste breakdansarar og capoeiristaer frå Brasil. Denne kunnskapen vil vi gjerne dele med fleire!

Meld deg på kurset

Mann
Kvinne

Nokre episke augeblikk frå Ørnestup-treningar!

Sjå det forrykande juleshowet til Ørnestup!