Akrobatikk 2 Frøskehøpp haust 2018

Parkour - tricking - freerunning
_MG_1006_Liten.jpg

På dette kurset lærer ein fleire utrykk innan akrobatikk som parcour, tricking og freerunning. Desse tre sjangrane har stadfesta seg som nye sportar i verda dei siste 10 åra og er på full frammarsj. Du får også boltra deg på trampoline og trampett.

 

Parkour handlar om å komme seg raskast mogleg igjenom ein hindreløype fra A til B i for eksempel ein turnhall, eit bymiljø eller i ein skog. Parkour er eit fransk ord og tyder "hinderløype". Du lærer å rulle, hoppe høgt og langt og forsere forskjellige hinder med ulike teknikkar.

Tricking handlar om å gjæra mange akrobatiske triks etter kvarandre i serie. Sporten er inspirert av bla. kampsport og breakdans. Du lærar å slå hjul, araber, stiften, flikkflakk, forskjellige spark, forlengs, baklengs og sidelengs salto.

Freerunning handlar om å blande parkour og tricking sammen til eit uttrykk. Så dette er den ultimate utfordringa. Her handlar det i stor grad om å væra kreativ og lage sin eigen personlege stil.

FRIKAR sitt motto "Free yourself" fargar undervisninga som utfordrar kvar enkelt til å krysse sine eigne mentale og fysiske grenser.

FRIKAR har instruktørar og fascilitetar i Norges-toppen for å lære seg akrobatikk og saltoar. Olympisk trampoline med bungeeselar, turnringar, 8x6m air track, parkourelement og tjukkassar for å nevne noko. Instruktørane har jobba med kungfu-meistrar i kina, sirkusartistar for Cirque du Soleil, nokon av Europas beste breakdansarar og capoeiristaer frå Brasil. Denne kunnskapen vil vi gjerne dele med fleire!

 

Meld deg på kurset

Mann
Kvinne