Kompani / Prosjekt

OFFENTLEG OPPDRAG

INNLANDET VEDTEK Å STØTTE KOMPANI MED NASJONALT ANSVAR

Innlandet har vedtatt å støtte etablering og drift av FRIKAR - kompani med eit ikkje-eksklusivt ansvar for utvikling og formidling av scenisk folkedans i Norge. Ambisjonen er å få med staten på dette løftet for den sceniske folkedansen i Norge. 

Med dette ansvaret skal FRIKAR utvikle sceniske verk av internasjonal kvalitet tufta på vår eigen kulturarv og formidle verka i heile landet. Denne ambisjonen byggjer vidare på:

- Regjeringa ved Talent Norge gav i 2017 FRIKAR eit nasjonalt ansvar for talentutvikling innan profesjonell, scenisk folkedans. 

- FRIKAR har sidan 2012 vore det einaste regionale kompetansesenteret for dans med spesielt fokus på utviklinga av den sceniske folkedansen. 

- FRIKAR har representert Norge i internasjonale konkurranser som Prix Italia og Eurovision Song Contest. 

- FRIKAR har ei nasjonal rekkevidde og har spelt på 160 tettstader og byar i Norge. 

- FRIKAR har ei internasjonal rekkevidde og har spelt for over 400.000 publikumarar i 35 land. 

- FRIKAR har mottatt strålande kritikkar i internasjonale media som National Geographic, The Herald, The Scotsman, WDR og Gramophone Magazine, samt norske media som VG, NRK og Aftenposten. 

- FRIKAR har bygd opp sitt eige senter for dans som vann Kunstløftet si idekonkurranse for nyskapande kunstarenaer. Senteret ligg i Aurdal i Valdres. 

#Talentutvikling
#samtidsdans
#halling
#akrobatikk
#talent norge
#NASJONALT KOMPANI

Over ser du eit utforskningsprosjekt vi har i Åbjøra-juvet som i 2018 spela for over 2000 publikumarar. Ekstremgruppene får våtdrakt og hjelm, dei andre lyt ta vegval gjennom juvet og skogen og dei kunstnarlege opplevingane undervegs blir påverka av vala. 

KONTAKT

Lene Dieserud

Tlf: (+47) 92845560

Epost: Lene@frikar.com

 

Lene Dieserud
Prosjektleiar
FRIKAR kryssar norsk natur, identitet og innovasjon
FRIKAR kryssar norsk natur, identitet og innovasjon
FRIKAR har turnert i dei raudmerka landa
FRIKAR har turnert i dei raudmerka landa
I Norge har vi spelt på desse 150 stadane
I Norge har vi spelt på desse 150 stadane

TidarÅ, ei utandørsframsyning som trakk 3500 publikumarar på fem dagar er godt døme på FRIKARs innovasjon på tvers av sjangrar.

 

NOKRE FRIKAR-FAKTA

  • 32 land
  • 1,3 millardar tv-sjåarar
  • 100 mill YouTube-visningar
  • 10 mill frikar.com-visningar
  • Best choreography, Eurovision 2009
  • Silver prize Prix Italia 2013

Over får du eit glimt inn i FRIKARs innovasjon med norske tradisjonar: Frå halling på 1970-talet via seier i Eurovision Song Contest til utvikling av dataspelet Age of Conan.