Kompani / Om FRIKAR

Friviljug

Bli med som friviljug til suksessen Draumefangaren og FRIKAR si største satsing nokonsinne!

Bli med som friviljug til suksessen Draumefangaren og FRIKAR si største satsing nokonsinne! 

Som friviljug i Draumefangaren får du oppleva kreativt samhald i vakker natur. Vi treng folk som kan vera vakter i skogen og på parkering, køyre dansarar og mange andre oppgåver. Vi treng også friviljuge til å klatre opp og flyge ned tre og berg slik at dansarar kan danse på og over vatn. Du får erfaring med profesjonelle sikringsteknikarar.

Sjå helsing frå Hallgrim Hansegård,

https://www.facebook.com/frikar/videos/1668320869916365/

 

Vi treng friviljuge i veke 30 & 31 2019

Framsyninga Draumefangaren er i Åbjøra-juvet 26.-28 juli & 2.-4. august kl 18.00. Vandrevisninga varar i rundt tre timar. Oppmøte er i god tid før framsyning. Adr: Åbjøra-juvet, Nord-Aurdal i Valdres 2910 Aurdal. Parkering og registrering ved sandtaket 200 m aust frå Mønobrua retning Vestringsbygda.

Me håpar du kan vera med ein eller helst fleire av dagane, og arbeidsoppgåvene er varierte frå parkeringsvakter til stivakter. Som frivillig får du med deg store delar av vandringa når du er på vakt. Som frivillig får du også ein gratisbillett dagen etter at du har vore frivillig.

Stivakter oppfordrast til å delta på ei sceneprøve 25. juli.

 

Kva for dagar kan du delta:

Kva for oppgåver ynskjer du?

 

Vi treng følgjande info:

Namn:

Alder:

Tlf.:

E-post:

 

For spørsmål og påmelding, ta kontakt med prosjektleder benedicte@frikar.com, tlf 95 78 63 55