Kompani / Om FRIKAR

Friviljug 2018

Bli med som friviljug på FRIKAR si største satsing nokonsinne!

Bli med som friviljug på FRIKAR si største satsing nokonsinne! Vatnet har fila seg gjennom Åbjørajuvet i tusenar av år og skapt eit landskap som er ei oppleving i seg sjølv. FRIKAR byggjer vidare på denne opplevinga med ei interaktiv vandrevisning der du sjølv får velge veg. Opplev FRIKARs koreografiske univers med nokre av Norges beste dansarar frå ulike sjangrar, musikarar og installasjonskunst.

Som friviljug på Draumefangaren får du oppleva kreativt samhald i vakker natur. Vi treng folk som kan knyte, hekle, steike vaflar, klatre, dykke, rydde stigar, vera vakter i skogen og på parkering, køyre dansarar og mange andre oppgåver. Vi treng også friviljuge til å klatre opp og flyge ned tre og berg slik at dansarar kan danse på og over vatn. Du får erfaring med profesjonelle sikringsteknikarar.

Sjå helsing frå Hallgrim Hansegård,

https://www.facebook.com/frikar/videos/1668320869916365/

 

Vi treng friviljuge i veke 31: 30. juli - 5. august 2018

Framsyninga Draumefangaren er i Åbjøra-juvet 1.- 5. august kl 19.00. Vandrevisninga varar i rundt tre timar. Oppmøte er i god tid før framsyning. Adr: Åbjøra-juvet, Nord-Aurdal i Valdres 2910 Aurdal. Parkering og registrering ved sandtaket 200 m aust frå Mønobrua retning Vestringsbygda.

Me håpar du kan vera med ein eller helst fleire av dagane, og arbeidsoppgåvene er varierte frå parkeringsvakter til stivakter. Som frivillig får du med deg store delar av vandringa når du er på vakt. Som frivillig får du også ein gratisbillett dagen etter at du har vore frivillig.

Stivakter oppfordrast til å delta på ei sceneprøve 30. eller 31. juli.

 

Kva for dagar kan du delta:

Kva for oppgåver ynskjer du?

 

Vi treng følgjande info:

Namn:

Alder:

Tlf.:

E-post:

 

Frida Løberg er din kontaktperson i veke 29.-30, frida.loe95@gmail.com, tlf. 928 55 046

For spørsmål og påmelding, ta kontakt med prosjektleder benedicte@frikar.com, tlf 95 78 63 55