Kompani / Nytt

Draumefangaren 2020 blir utsatt til sumaren 2021

DSC03807.jpg

Pressemelding 11.mai 2020

Draumefangaren 2020 blir utsatt til sumaren 2021

Etter grundige vurderingar har vi i FRIKAR konkludert med å utsetja årets Draumefangaren som fylgje av Covid-19 og smittevernsituasjonen. Draumefangaren er blitt kjent som kompromisslause opplevingar der nyskapande kunst møter vill natur. Då det ikkje er mogleg å gjennomføre årets arrangement innanfor restriksjonane til myndigheitane er vi nødt til å utsetja det til 2021. Då vil publikum få grensesprengande opplevingar som ikkje er kompromissa på.   

Vi har eit ansvar ovanfor alle involverte og FRIKAR ynskjer å opptre som ein ansvarleg samfunnsaktør. Med omsyn til smittevernsituasjonen, artistar, leverandørar, friviljuge og vårt publikum, ser vi det ikkje som forsvarleg å gjennomføra Draumefangaren i 2020.

Vi gjer dette med eit tungt hjarte, det er mange tilbakevennande publikumarar som har lyst til å ha med seg folk som ikkje har fått sett Draumefangaren enno.  Men FRIKAR har eit ansvar for å vidareføre og sikre framtidige prosjekt samt forvalte kompaniet på ein forsvarleg måte. Vi håpar denne utsetjinga kan bidra til ei sikrare og meir forutsigbar framtid for oss som arrangør og alle som er tilknytt prosjekta våre. 

Verdikupong eller refundering

Alle som har kjøpt billettar til årets framsyning vil få tilbod om refundering eller verdikupong for framtidige arrangement frå FRIKAR. Verdikupongane kan til dømes brukast på bilettar til Draumefangaren 2021. All nødvendig informasjon vil gjerast tilgjengeleg på vår heimeside (www.frikar.com) innan 1.juni. 

Vi har sjølvsagt stor forståing for at mange i publikum ynskjer refundering. FRIKAR som arrangør og kompani er avhengig av billettinntekter for å setje opp arrangement som Draumefangaren. For Draumefangaren 2019 samla vi 3200 publikumarar til 6 unike framsyningar i vill, norsk natur. Her fekk publikum heilt spesielle opplevingar i form av ei framsyning som kombinerte dans, visuell kunst og musikk i toppklasse. Vi kan sjølvsagt refundere billettane dine men vi håpar vi heller kan sjåast på ei FRIKAR framsyning når smittevernsituasjonen tillét det. 

Fylgj med på heimesida vår www.frikar.com for korleis du går fram for verdikupong eller refusjon. Informasjonen vert lagt ut innan 1.juni, så ver vennleg å vent til det før du kontaktar oss direkte. 

Kontakt oss på info@frikar.com