Kompani

Sudesh Adhana

Sudesh Adhana hadde bakgrunn i indisk, klassisk dans og bollywood før han studerte samtidsdans på KHIO. Han har jobba sporadisk med FRIKAR sidan 2008, blant anna på TidarÅ, RÅ, vertikal dans, Draumefangaren og GESTR. Han jobbar òg for koreografar som Ingri Fiksdal, Ina Christel Johannessen og Sølvi Edvardsen, og ikkje minst lagar han sine eigne prosjekt. Sudesh har vunne den største koreografiprisen i Bollywood. 

Dansar
Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein

Anita Via Langødegård er 27 år gamal og kjem frå Valdres. Ho begynte å danse i kultuskulen i 14-15års alderen og etterkvart meir aktivt i Bygda Dansar i Oppland før FRIKAR Akadameiet i perioden 2008-2010. No har ho ein bachelor i Moderne- og samtidsdans med pedagogisk kompetanse frå Norges Dansehøyskole.

Anita er utøvande dansar i tillegg til å undervise i samtidsdans og folkedans. Ho har blant anna dansa i FRIKARs "Draumefangaren", "KRUK!", "The Snuff Grinders", "Mjølk" "Fairytale" og opningsseremonien under Ungdoms-OL.

Våren 2020 skal ho væra med i ein spanande ny forestilling med FRIKAR.

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Korleis bidrar talentprogrammet FRIKAR X til di utvikling som dansar?

Det er herleg å ha eit kontinuerleg opplegg ved sida av alt anna i kvardagen som varierer veldig. Å ha ein gjeng som saman jobbar mot like mål over ein lengre periode er ein verdi ein mister etter studiet med mindre ein jobbar fast med ei gruppe. I tillegg gir FRIKAR X tilgong til ein heil del workshopper eg ikkje hadde fått med meg utan programmet.

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Kva inspirerte deg til å byrje å danse?

Musikk sammen med bevegelsesgleda har alltid dratt meg ut på golvet! Det gjer dei framleis!