Kompani

Ornilia Percia Fernando Ubisse

Dansar og medlem av FRIKAR X
Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein

Ornilia Ubisse (1990) er frå Mosambik. Ho begynte å danse før ho kunne gå og starta å studere dans då ho vart elleve år gamal. Ornilia er utdanna ved Escola Nacional de Danca i Maputo, Mosambik, og ved Norges Dansehøyskole i Oslo. Ho har også hatt ei aktiv karriere innan taekwondo.

Ornilia har jobba med koreografar som til dømes Francesco Scavetta og Hallgrim Hansegård og ho har også sin eigen koreografipraksis i dansekompaniet Kronos. 

Ho har medvirka i Draumefangaren og skal væra med på FRIKAR si nye oppsetting i 2020. 

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Kva inspirerte deg til å begynne å danse?

Heime i Mosambik har det sosiale alltid vore berika av dans og musikk. Eg dansa med alle rundt meg frå eg var liten av. Ein vakker dag tok kusina mi meg med for å sjå dansegruppa hennar øve til ei lita forestilling i landsbyen til mormor. Då eg såg dei danse uttrykka eg visstnok så mykje glede og fascinasjon at eg fekk lov til å danse med dei. Oppe på scena med dei vaksne, dansande framfor eit stort publikum, visste eg med at det var dette eg ville gjer i livet.

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Korleis bidrar talentprogrammet FRIKAR X til di utvikling som dansar?

Mange av dansarane i FRIKAR X kjem frå ulike bakgrunnar, så samla er FRIKAR X eit utruleg dansemangfald! Eg får ein snikktitt inn i andre dansesjangrar og det utviklar mitt eige dansevokabular. Eg finn mykje inspirasjon i dette, samstundes som eg vert kunstnerisk utfordra av dei andre kunstnarane.

Treningsarenaen vår, SMIA, er ein flott utviklingsarena for FRIKAR X. Som eit av talenta i FRIKAR X får eg i tillegg lov å bruke SMIA for eiga trening, utforskning eller residens ved behov, og det er berre eit ypperleg fint tilbod.

Eg set veldig pris på at vi fokuserer på unike kunst- og dansesjangrar som sirkusakrobatikk, vertikaldans og spensttrening. Dette er veldig viktig for meg som dansar. Mykje er ulikt det eg har gjort frå før, noko som gjer det ennå meir spanande.

Gjennom FRIKAR X har eg òg vore med på ein fin skuleturné, SLEPP, kor vi har vore på over femti skular.

FRIKAR X har workshops med scenekunstnarar vi ser opp til og det har vore eit av dei tilboda eg har satt størst pris på. Det har vore ein stor inspirasjonskilde! Dette har blitt gjort på ein måte som mater alle sine behov og vi har lært om blant anna norsk folkedans, Capoeira, Khali, Play fight, moderne og- samtidsdans, sang, osv. Samtidig har vi jobba mot storproduksjoner som Draumefangeren. Alt dette med ufatteleg dyktige dansarar! Det har vore veldig fint, utfordrande og lærerikt for meg så langt.

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Kva ynskjer du å få ut av talentprogrammet?

Ved å ver ein del av FRIKAR X får eg jobbe som utøver, men eg får òg sett korleis både det administrative og kunstnerisk fungerar i ein produksjon.

Eg ynskjer å få ei større meistringskjensle innan norsk folkedans og å utvide nettverket mitt både i inn- og utland. Og så er det ikkje minst lærerrikt å sjå korleis ein leier ei stor gruppe over ein lang periode. Det er ufattelig mykje for meg å lære her og det er heilt klart dette eg vil jobbe videre med framover.

Til slutt har FRIKAR X vore ein ny og forfriskande måte å tilnærme meg naturen på. I naturen får eg ver ein del av landskap gjennom kunst. Det er flott å kunne tilbringe så mykje tid på jobb ute på dei fine fjella og i skogen i Valdres.