Kompani

Karoline Aamås

Karoline Aamås lagar eigne sirkusprosjekt i tillegg til at ho jobbar for blant andre Cirkus Cirkör og FRIKAR. Ho er spesialisert i sirkusdisiplinane tau og hårhenging. I FRIKAR er ho å sjå i Draumefangaren. 

Sirkusakrobat
Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein

Anita Via Langødegård er 27 år gamal og kjem frå Valdres. Ho begynte å danse i kultuskulen i 14-15års alderen og etterkvart meir aktivt i Bygda Dansar i Oppland før FRIKAR Akadameiet i perioden 2008-2010. No har ho ein bachelor i Moderne- og samtidsdans med pedagogisk kompetanse frå Norges Dansehøyskole.

Anita er utøvande dansar i tillegg til å undervise i samtidsdans og folkedans. Ho har blant anna dansa i FRIKARs "Draumefangaren", "KRUK!", "The Snuff Grinders", "Mjølk" "Fairytale" og opningsseremonien under Ungdoms-OL.

Våren 2020 skal ho væra med i ein spanande ny forestilling med FRIKAR.

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Korleis bidrar talentprogrammet FRIKAR X til di utvikling som dansar?

Det er herleg å ha eit kontinuerleg opplegg ved sida av alt anna i kvardagen som varierer veldig. Å ha ein gjeng som saman jobbar mot like mål over ein lengre periode er ein verdi ein mister etter studiet med mindre ein jobbar fast med ei gruppe. I tillegg gir FRIKAR X tilgong til ein heil del workshopper eg ikkje hadde fått med meg utan programmet.

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Kva inspirerte deg til å byrje å danse?

Musikk sammen med bevegelsesgleda har alltid dratt meg ut på golvet! Det gjer dei framleis!