Kompani

Marnie J. Fiebig

"Eg elskar å vere kreativ og å uttrykke friheit i dans! "

Marnie J. Fiebig

Ho har dansa seg frå Australia for å gjere det ho likar best; møte nye menneske, lære meir om seg sjølv, samt oppleva og lære frå andre kulturar. «Eg likar å kunne blande akrobatiske bevegelser inspirert frå ulike bevegelsformer inn i samtidsdans, på ein saumlaus, enkel og uventa måte.» 

 

Vidare seier Marnie om vandreframsyninga GANDR: Eg gler meg til å danse ute i naturen og til å vere med på ei framsyning der naturen bind dansarane og publikum saman. Det virker som om me som samfunn beveger oss lengre og lengre bort frå våre naturlege instinkt. Så det er veldig spesielt å erfare denne opplevinga saman med andre.