Kompani

Dina Enoksen Elvehaug

«Når eg kjenner den tilstadeverande kjensla medan eg beveger meg, då er livet bra!»

Dina Enoksen Elvehaug

Dina har erfaring frå ulike prosjekt og har funne vegen attende frå London. No er ho med i GANDR kor ho utforskar kvisleis det er å samarbeide med naturens elementar.

 

«Eg ser fram til å gå i djubda av noko ukjend både fysisk og mentalt. Det å jobbe med å gå ut av komfortsona sjølv om frykta er der. Gler meg til å vere ute og til å jobbe med den herlege GANDR-gjengen»

 

Inspirasjon får ho frå kjensler og uttrykk i dansen, og ifrå musikk, groove og solnedgangar. Det var Hanna Mjåvatn som vekka dansen i Dina, noko som vart starten på ei ny reise