Kompani

FRIKAR i Fossen: Draumefangaren

FRIKAR i Fossen:

DRAUMEFANGAREN

 

FANTASI & BEVEGELSE I EKSTREM NATUR

Deltakande kunstoppleving i naturen, kan det bli betre? Bli med på FRIKAR si største satsing nokonsinne! Vatnet har fila seg gjennom Åbjørajuvet i tusenar av år og skapt eit landskap som er ei oppleving i seg sjølv. FRIKAR byggjer vidare på denne opplevinga med ei interaktiv vandrevisning der du sjølv får velge veg. Opplev FRIKARs koreografiske univers med nokre av Norges beste dansarar frå ulike sjangrar, musikarar og installasjonskunst. 


Kjøp billett:

Billetter kjøpast ved å trykke på datoen du ynskjer. Du blir da sendt vidare til Ticketco sin billettside, der du kan kjøpe billettar. Ordinær billett er kl 385, barnebillett er 285 kr og gjeld til og med 15 år.

01.08.2018: ONSDAG – PREMIERE!

02.08.2018: TORSDAG

03.08.2018: FREDAG

04.08.2018: LØRDAG

05.08.2018: SØNDAG

Forestillinga startar klokka 19:00 kvar kveld, og varer omtrent tre timar. 

DNT- medlemmar får 15% rabatt på ordinærbillettar, ved gyldig medlemskort. Billettar refunderast ikkje.

 

 

Praktisk info:

Terrenget er krevande å gå i, men familievenleg. Det er diverre for vanskeleg for rullestolar. Lett løype blir merka.
Vandrevisninga foregår ute i naturen. Alle publikummarar under 18 år lyt koma i følgje med vaksne. Fordel med sko og klede til blaute forhold. Terrenget er skral stig i skog og på berg. Ta gjerne med nistepakke og termos. La hundar vera att heime.

Parkering og registrering ved sandtaket 200 m aust frå Mønobrua retning Vestringsbygda. Adr: Åbjøra-juvet, Nord-Aurdal i Valdres 2910 Aurdal. Link til Google Maps: http://kortlink.no/iZ0

Området er rekna som offentleg stad og det er ikkje lov å nyte alkohol.
Av hensyn til naturen og andre publikumarar ber vi om de ikkje røyker eller brukar open eld.
Husk å ta med deg søpla heim.

Området er ikkje avgrensa og publikum ferdast på eige ansvar under heile framsyninga, samt i forkant og etterkant. Hugs at du har ansvar for dei mindreårige som du har med deg.

 

 

Overnatting

FRIKAR har avtaler med tre hoteller som gjev gode moglegheiter for overnatting i visningsuka. Sjå HER for moglegheiter.

 

Servering

Det vil vere mogelegheiter for å kjøpe mat under visningane. Røde Kors Sentrene, Merket i Tisleidalen lagar medisterkaker, kanelboller, lapper, kaffe og saft som ein kan kose seg med. 


Om utøvarane:

Vandrevisningen er eit av prosjekta til FRIKAR X, eit talentutviklingsprogram mellom FRIKAR og Talent Norge. Vi fylgjer ti av Norges fremste talent i bevegelseskunst over tre år. Hovudfokus er på individuell, sjangerlaus utvikling og kollektiv utvikling innanfor moderne dans basert på folkedans. Utøvarane er Anita Vika Langødegård, Ornilia Percia, Sigyn Åsa Sætereng, Isabel Ingvoldstad, Håkon Håvelsrud Odden, Stian Bergdølmo, Michael Aspli, Nora Martine Svenning og Sara Enger Larsen.

I tillegg vil dansekunstnarane Sudesh Adhana, Jon Filip Fahlstrøm, Antero Hein, tøyakrobat Karoline Aamås og Sara Helene Vallevik Borg, installasjonskunstnar Anna Widén, musikarane Jonas Barsten og Rolf-Erik Nystrøm, sangerinnen Juliana Venter, videregåendeelevar fra Toppidrett FRIKAR og lokale danseelevar vera med.

Vandrevisningen er koreografert av kunstnerisk leder Hallgrim Hansegård, musikken er komponert av Bjarne Kvinnsland og kostymer er designet av Marita Solhjell Ølander. 

Link til trailer: https://www.youtube.com/watch?v=VVr9TnGO2xY&t=61s

(arbeidstittel: Åbjøra)

 

Friviljug

Ein god produksjon treng også gode frivillige. Vi treng folk til ulike oppgavar rundt produksjonen. Oppgavane er alt frå vakthald og parkering til billettsal og informasjon. For meir info, sjå her.

 

Takk til: 

våre støttespillere: Sparebankstiftelsen DNB, Norsk Tipping, Kulturrådet, Oppland fylkeskommune, Sparebankstiftelsen Hallingdal, Fond for utøvende kunstnere, Eckbos legat og Skagerak Energi. 

våre samarbeidspartnere: Talent Norge, Valdres natur- og kulturpark, Teater innlandet, Ål kulturhus, Kraftriket, DNT Valdres og grunneigere Odd Magnar Åbjørsbråten og Ole Tor Kulterstad.