PARKOUR

Hallgrim Hansegård in human flag - Tuftepark at Beitostølen
1 t
22 Klasser
Triks. Litt utfordrande.

Tren parkour med FRIKAR! I dette fyrste kurset smakar vi på ein del artige, men forholdsvis enkle triks, og seinare legg vi ut grunnleggjande, vidaregåande og vrangt nivå. Fylg med!

Kampanje: Ut 2017 har dette kurset ein gratis versjon, videoane er fritt tilgjengeleg i botnen av sida her. Ved å kjøpe kurset får du også fleire pedagogiske forklaringar.

Hallgrim Hansegård instruerer i bruk av eigen kroppsvekt på hinder. Slik grunnleggjande parkour-trening er nyttig også for dansarar og andre idrettar. 

Takk til Sparebankstiftelsen DNB for gåve til både dette nettkurset og SLEPP!-turneen til FRIKAR X hausten 2017 - frå park til park i Oppland. 

 

Klasser

Intro.jpg
Intro
2 min

Introduksjon til FRIKAR sittt parkourkurs.

balansere.jpg
Balansere
3 min

Ved balansering er det lurt å få hovudtyngda av hofta rett over punktet du balanserer. Sjå gjerne framover på eit punkt - for å få betre balanse. 

baklengs.jpg
Baklengs salto
2 min

Baklengs salto frå røyr er eigentleg ei avansert øving. Superviktig å ha god balanse før sats. Unngå svai i ryggen før sats. 

gaupegange.jpg
Gaupegange
2 min

Gaupegange er den perfekte kjernestreninga! For å gjera det vanskelegare kan ein sjå framover. 

gjerdesleng2.jpg
Gjerdesleng
3 min

Gjerdesleng er ein kjapp måte å passere gjerder på der ein slepp å lufte så mykje av kroppsvekta. Hofta passerer så vidt over gjerdet, og føtene passerer ein og ein. Dobbelhink på næraste foten på veg inn og sats med fjernaste foten. 

rumpespinn.jpg
Røvslide
3 min

I "røvsliden" bruker vi faktisk ikkje rumpa, men låra til å skli over gjerdet. 

ryggspinn2.jpg
Ryggvifta
3 min

Ryggvifta kan vera ei mental utfordring då ein går inn med ryggen til gjerdet, og ein ser ikkje punktet ein tek tak i gjerdet. Skli gjerne over med låret nedi for å gjera bevegelsen enklare. 

impro.jpg
Gjerdepassering
3 min

Denne bevegelsen er mykje brukt i parkour, og kan vera ei mental utfordring då ein er redd for å tuppe føtene nedi gjerdet. Den stiller krav til god kjernemuskulatur og særleg magestyrke. Du kan trene på golv når du sit på kne og lyft deg opp frå bakken. 

passering under.jpg
Gjerdesving
3 min

Å svinge seg under eit gjerde er god trening for magestyrka! Grip tak og "stup" gjennom med føtene fyrst. 

slå hjul.jpg
Slå hjul
3 min

Slå hjul på bakken fyrst. Tren på å vri kroppen om du mistar balansen slik at du slepp å falle over ryggen. Så kan du prøve på gjerde. Viktig å sparke bakfoten aktivt over hovudet. 

webster.jpg
Einfots salto
5 min

Denne liknar på dem populære parkoursaltoen "webster", men transporterer kroppen framover. Standfot pressar nedover for å få høgde. Svingfoten prøver du å halde strak for å få mykje "kraft ganger arm"-effekt i rotasjonen. Sjå gjerne framover i satsen før du på magen i saltoen. 

framlengs rulle.jpg (1)
Framlengs rulle
3 min

Framlengs rulle er eit veldig enkelt og trygt triks, men det kan sjå litt vanskeleg ut. Start gjerne med å berre henge over gjerdet med stonga på hoftekammen. No føler du deg kanskje tryggare? Stå opp, hald framleis hoftekammen inntil stonga og fall framover. Du har heile tida overtak med hendene. 

baklengs rullle.jpg
Baklengs rulle
3

Baklengs rulle er skumlere enn framlengs. Veldig viktig med godt grep! Set deg oppå stonga, grip den med hendene, fall bakover medan du sklir på låret slik at knehosane hektar i stonga. 

 

stuperulle.jpg
Stuperulle
5 min

Stuperulla er kanskje den artigaste bevegelsen eg veit om på horisontal stong! Fyrst lyt du finne balansepunktet ditt. Start med å plassere hoftekammen på stonga og heng over den. Før armane over stonga langs hofta og strekk deg opp i strak, horisontal stilling. Om du ikkje får balanse her, så lyt du justere punktet stonga har på kroppen. 

Frå horisontal, strak stilling fører du hendene framfor deg, då får du framover fall. Litt før overkroppen blir loddrett, kroperer/bøyer du deg saman og plasserer underarmene mot stonga og hendene rundt låret. Då får du vekta på underarmane. Her kan du strekke ut føtene og bøye dei innatt for å få meir fart igjen. 

nakkesprett.jpg
Fiskesprett
5 min

Fiskesprett er ein bevegelse frå hallingdansen. Den krev mykje trening for mange, og ein lyt lære den på bakkenivå før det er vits i å prøve på stong. På stong er fiskespretten ein mental og fysisk utfordring då det føles veldig ekkelt å gjera denne for fyrste gong! Desto artigare!! Heng nok igjen med føtene når du legg vekt på nakken, slik at du ikkje berre velter over. 

impro.jpg
Impro
5 min

No har du fått eit bevegelsesrepertorie på gjerde, det mest grunnleggjande hinderet i menneskehistoria, og eit av dei mest grunnleggjande hindra i parkour. Då kan du setja saman nokre bevegelsar til ein setning. Du kan improvisere slik eg gjer her, eller planleggje. Prøv å legg ekstra vekt på dei bevegelsane du har lyst til at folk skal hugse. No er du ein kunstnar! 

dobbeltbarr rulle.jpg
Dobbelbarr-rulle
5 min

Denne er også grepa artig å gjera! Men du får god massasje på triceps :) 

hovudståande.jpg
Huvustups
5 min

Huvustupsen, eller hovudstups, er ein enkel bevegelse som ser avansert ut. Denne krev at du har lange nok armar til å dekke gapet mellom barrane. Du kan gjera nesten det same på ein bukk i gymsalen, men då lyt du halde rundt bukken i staden for mellom stengene. Same teknikk som å stå på hovudet. Hald fokus på å få rumpa over. 

HUMAN FLAG.jpg
Flagget
5

Menneskeflagget er eit av dei mest kjente parkourtriksa som krev mykje styrke, særleg i sidemuskulaturen. Her er det berre å prøve! Hendene lyt vera vertikalt rett over kvarandre slik at du ikkje svingar. 

keisam.jpg
Standardtrening
2 min

Dette kurset er veldig leikent. Får du ikkje nok "keisam" trening ut av det, fortvil ikkje. Her er dei mest vanlege tuftepark-øvingane for mosjonistar :) 

flaggermus.jpg
Flaggermusa
5 min

Flaggermusa er eigentleg ein måte å henge etter oklene/vristene på. Men her er ein versjon der eg heng etter knehosane. Pass på å ikkje ha for mykje sving i kroppen når du slepp med hendene - for å unngå å falle på hovudet! 

takkk.jpg
God trening!
1

Dette var ein smakebit på parkour og park-trening med FRIKAR. Meir grundige og grunnleggjande nettkurs kjem etter kvart. Vi kjem også til å oppdatere kurset med innspel frå brukarane våre. Så kom gjerne med videoar eller tips til art@frikar.com eller hashtag #parkourfrikar på Instagram.