Halling Jr hausten 2020

Bli ein frikar!
rekruttering-headspin.jpg

Her får ein lære seg det som skal til for å bli ein ekte frikar. Kva med å lære snuskværna, kvednekallen og myretrillkast?

På dette kurset lærar vi halling og akrobatikk på golv og air-track. Vi legg vekt på grunnleggjande teknikk og alderstilpassa utfordringar. I tillegg fokuserar vi på uttrykk, musikalitet og akrobatikk. Og sjølvsagt vert det saftige koreografiar! Av alle kursa våre gir Halling Jr størst moglegheit til å kunne opptre, konkurrere og få delta på spanande turar. 

FRIKAR sitt motto "Free yourself" fargar undervisninga som utfordrar kvar enkelt til å krysse sine eigne mentale og fysiske grenser.

Vi samarbeider med Folkemusikk Ung og oppmuntrar difor elevane våre til å delta på halling med Folkemusikk Ung på museet dei dagane det er hallingtimer for denne aldersgruppa. 

Kontakt Ann-Merete på ceo@frikar.com for spørjemål eller om det problem med betalingsfunksjonen.

Meld deg på kurset

Sjekk ut den fine Gaupe-dansen på juleavslutninga vår!