Akrodans hausten 2020

Akrobatikk, dans og show!

Dans og akrobatikk til fengande musikk inspirert av moderne dans, breakdance og capoeira.

Me lagar koreografiar til norsk popmusikk som styrkar kroppskontroll, rytme, spenst, fleksibilitet og musikalitet. 
Hallgrim Hansegård har dansa over heile verda og lært av meistrar innan moderne dans, breakdance, capoeira, kungfu, halling og akrobatikk. Koreografiane hans er sett av over 1 milliard tv-sjåarar og 100 millionar på YouTube. No vil han dele kunnskapen med deg gjennom artige danseklasser og show.

 Kurset skal gje deg eit grunnlag for å kunne bli ein allsidig dansar der du kan fylle på med spesifikke sjangrar som jazz, moderne, ballett, breaking og folkedans etter ynskje. 

Meld deg på kurset