Dans & akrobatikk 3-5 år hausten 2021

Leik og læring i alle vinklar!

FRIKAR ynskjer å gje dei minste eit tilbod kor dei kan bli glade i dans og grunnleggjande leikar ein seinare kan byggje vidare på.

Dans og akrobatikk for 3-5 er ein tilrettelagt time for barnehageungar. Her vil barna få ein trygg utforsking av dansen gjennom leikbaserte øvingar som opparbeider rytme, dynamikk, og nokre dansetekniske dugleikar gjennom motorisk tilpassa øvingar. I tillegg vil dei trene grunnleggjande akrobatikk som sats, landing, ruller, og hopp. Me øver ein del på airtrack (luftmadrass) og litt på trampoline. 

Timen har fokus på danseglede og vi blandar musikkutrykk tilpasset alderen.

Kontakt Trond på trond@frikar.com for spørsmål. Når du melder deg på legg du til kursa i handlekorga. Der blir du ikkje sendt til betaling, men du får ein epost som stadfestar påmeldinga, og så sender me oppmoding til å betale på VIPPS. 

Alle deltakarar har ein uforpliktande trening i oppstartsvekene

Kurset vert avslutta med ei forestilling i FRIKAR-SMIA der foreldra får sjå kva borna tilslutta Akademiet har gjort i løpet av semesteret. 

PS: Foreldre er med på treninga til borna kjenner seg trygge - då kan ein gjerne vente i gangen eller nytte treningssenteret. 

Meld deg på kurset