Akrobatikk, tricking og halling for 5.klasse og oppover

Utvikling og meistring!

Tramponline, airtrack og halling. Lær deg råe triks på bakken, og lag dine eigne kombinasjonar! 

"Akrobatikk, tricking og halling for 5.klasse og oppover" kombinerer teknisk øving på grunndugleikar i akrobatikk som alle skal få til, og ein fridom til å utvikle sin eigen stil. Dette kurset fokuserer på kva som er mogleg å gjera med kroppen sin av akrobatikk og halling på golv, airtrack og trampoline, men ikkje i luftakrobatikk og sirkus. 

Dette er eit spanande kurs kor alle vil føle utvikling og meistring samt moglegheita til å utfolde sin egen kreativitet i form av bevegelse. Oppvarming, styrke og tøying vert ein del av treninga for å forebygge skadar.

FRIKAR sitt motto "Free yourself" fargar undervisninga som utfordrar kvar enkelt til å krysse sine eigne mentale og fysiske grenser.

FRIKAR har instruktørar og fasilitetar i Norgestoppen for å lære bort akrobatikk. Dette inkluderar olympisk trampoline med bungeeselar, 8x6m air track, parkourelement og tjukkassar - for å nemne noko!

Kontakt Trond Rogne på trond@frikar.com for spørsmål eller om det problem med betalingsfunksjonen.

Merk at det er bindande påmelding og at semesteravgifta forfaller ved oppstart. 

Meld deg på kurset