Julian Steinsrud

Instruktør 

Bio

 Julian er akkurat ferdig på Valdres Vgs kor han bland anna gjekk to år på toppidrett FRIKAR og han var tidlegare med i FRIKAR Jr. I dag er han med i Villniss sitt ungdomskompani og undervisar på FRIKAR Akademi.

Julian har dansa halling sida han var 11 og starta i kulturskolen i Øystre Slidre. Han har sjølv undervist halling i Øystre Slidre kulturskole sida vinteren 2016 til d.d. Julian har òg vore instruktør på Folkemusikk Ung sida hausten 2019. I sist nemnde er det fokus på å vidareføre folkemusikken og folkedansen. Julian har vore eit forbilde på Strukeveko, som er Noregs største sommarkurs for folkemusikk og folkedans). Han har instruert i både halling og Valdresspringar.

 

Danseerfaringa til Julian inkluderar:

  • 2. plass på FRIKAR-tevlinga 2017 i Jr-klassen
  • Har vunnet lagdans Jr på landskappleiken to gongar (2016 og 2017)
  • Har dansa i operaen saman med Folkemusikk Ung
  • Danseoppdrag for FRIKAR på Millitary Tattoo i Oslospektrum
  • Dansa under åpningen av landsmøte til Frp
  • Opptreden på Peer Gynt-festen
  • Dansa på Førde-festivalen
  • Danseoppdrag i utlandet med FRIKAR

 

I tillegg kjem diverse andre danseoppdrag, både for Villniss, FRIKAR , Folkemusikk Ung og åleine.